Yr.noYoutube

Kunst, kultur og kreativitet

Opplevingar med kunst og kultur i barnehagen kan leggje grunnlag for tilhøyrsle, deltaking og eige skapande arbeid. I barnehagen skal barna få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former og organisert på måtar som gir barna høve til utforsking, fordjuping og progresjon. Barna skal støttast i å vere aktive og skape eigne kunstnariske og kulturelle uttrykk.

 

Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk. Fagområdet tek for seg uttrykksformer som biletkunst og kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design.

 

Barnehagen skal la barna møte ulike kunstnariske og kulturelle uttrykk som speglar eit mangfaldig samfunn og ulike tidsepokar. I arbeid med fagområdet skal personalet stimulere nysgjerrigheit, utvide forståinga deira og bidra til undring, undersøkingar, utprøvingar og eksperimentering. Barnehagen må leggje til rette for og vidareutvikle dei kreative prosessane og uttrykka til barna.  (Rammeplan for barnehagen 2017)

 

Sjå ein filmsnutt HER