Yr.noYoutube

Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna:

• opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne  og ute, året rundt

• blir kjende med eigne behov, får kjennskap til menneskekroppen og utviklar gode vanar for hygiene og eit variert kosthald

• vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar

• opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege  utfordringar

• blir trygge på eigen kropp, får ei positiv oppfatning av seg sjølve og  blir kjende med sine eigne kjensler

• set grenser for sin eigen kropp og respekterer andre sine grenser

• får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til  måltid.  

(Rammeplan for barnehagen)