Yr.noYoutube

LEIK

 

"Alle barn har rett til hvile, fritid og lek, og til å delta i kunst og kulturliv." FNs barnekonvensjon artikkel 31.v

 

Vaksne kan lett forveksle leik og andre aktivitetar. Barn kan vere i leik utan at det er openbart for dei vaksne kva som skjer, utan at dei går inn i situasjonen for å forstå. Det er også slik at det som er leik i éin kontekst, ikkje er det i ein anna.

Leikens eigenverdi

Gjennom leiken utfaldar barn seg kreativt, og utforskar verda og sider ved seg sjølv og andre. Leik er særeigen, mangfaldig og verdifull, og ein spennande og morosam aktivitet barna driv med bare fordi dei likar å halde på med det dei gjer.

Det har vore vaneg å framheve leiken som eit viktig pedagogisk verkemiddel for å nå bestemte lærings- og utviklingsmål. No snakkar mange heller om kor viktig leiken er for å få glade og lykkelege barn, at den har ein eigenverdi for barna, og er ein belønning i seg sjølv.