Yr.noYoutube

Då var det tilbake til kvardagen att - etter ein strålande flott sommar. 

Me har brukt den første veka til å kome inn i kvardagsrutinar att og bli kjent med nye villvetter. 

 

Tøffe nye villvetter som har tatt ein ny barnehagekvardag på strak arm. Hos oss er det rett ut i friluftslivet frå første dag - bere sekken sjølv på tur, måltid ute, kvile ute, leike ute, gå på do ute, køyre minibuss, bli kjent med leirplassane våre, sjekke "Rasmus" (båten vår), bli kjent med rutinar og reglar - og ikkje minst - bli kjent med nye barn og vaksne.

 

Dette lovar godt for nok eit flott og innhaldsrikt villvetteår.