Yr.noYoutube

Det har vore kontrastfylte dagar den siste veka - og det har vore spanande.

Me kjenner at me verkeleg lever....!

 

Ein dag sit me nede ved sjøen, blikkstille fjord - bare store flokkar med niser lagar bølger i sjøen. Så er det opp i skogen for å rive den gamle hytta - og me får nesten ei vårkjensle.

 

Så kjem dagar med kuldegrader og sjø og vassdammar er islagte. 

 

Men det snur fort - for så kom stormen. Store bølger, sterk vind. "Eg likar vinden eg....!"  Og når me skal gå langs stranda for å kome oss opp til Thu-huset, må me telje bølgene for å kome tørrskodde fram. "1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 -SPRING!"

 

Og så kom endeleg snøen - den som me har venta lenge på. 

 

Kjekt, spanande og utfordrande å vere ein villvette. Men det er slik me likar dagane våre - ingen dagar er like :-)