Yr.noYoutube

Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve
ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap. Barna skal få støtte til å
meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre
sine kjensler. (Rammeplan for bhg)

 

For ein dag - første skikkelege sommardag. Og når me har stranda 200 m unna inngongsdøra vår, er det naturleg å nytte den på slike dagar.

Kajakkane hadde me med oss - og dei som ville fekk vera med ut og padle. 
(neste gong er målet at ungane skal få padle sjølv...).

 

Dei heldigaste fekk nærkontakt med ein flokk niser - det var både hopping og snøfting rundt kajakkane. Ei stor oppleving.