Yr.noYoutube

OL har røter i frå det antikke Hellas og symbolet for olympiskeleiker (OL-ringane) representerer samhold mellom dei fem verdsdelane. 

 

Medan OL-elden var tent i Sør-Korea, feira Villvettene vinter-OL. Med snø, tent bål i bålpanna, norske flagg, idrettsglede og fysisk aktivitet, fekk me alle føle litt på OL-stemninga. Slalåm mellom kjegler, flaske Bob-bane, snøballkasting på blink, med både ski og aking, var det her aktivitetar for kvar og ein. Leikane var så avslutta med premiering. Dagen hadde inneheldt samhold og idrettsglede, og her var sjølvsagt alle vinnarar! Heia Noreg!