Yr.noYoutube

Årets hyttetur starta litt "dramarisk" då ei gruppe var på veg for å sette opp telta. Etter ein liten stopp på Heiane, ville ikkje minibussen starte att - flatt batteri :-(  Men med starthjelp og rekordbyte av nytt batteri var årets høgdepunkt redda!

 

Og det var ein spent gjeng som ankom hytta på kvelden - nokre hadde overnatta der før mens for andre var det første gongen.

 

Ein kald vind gjorde at me ikkje fekk grilla nede i stranda, men me fann oss ein lun plass der me inntok kveldsmaten, hadde quiz - før turen gjekk opp til hytta for kos og kveldsstell.

 

Etter eventyrstunda i sofaen, valgte nokre å krype opp i soveposen medan ei gruppe tok på seg jakka og gjekk ut på mørketur. Spennande, litt skummelt - så då var det godt å krype ned i soveposane etterpå. 4 ungar sov i telt - tøffe!