Yr.noYoutube

Kl. 7 byrja det å bli liv i nokre soveposar og då var det bare å tusle inn i stova med kosedyret under armen og sjå på barne-TV.

 

Dei tre yngste som ikkje overnatta kom tidleg for å vekke oss - og så var det frukost. Telt-folket fekk sin frukost servert i teltet.

 

Og snakk om å vere heldig med veret - sol frå neste skyfri himmel - gjorde dagen bare god. Me tutla rundt i området - fiska, plukka nøtter, leika, gjekk på oppdagingsferd, spela kort, leste bøker eller teikna. Og tenk - me fann ein flaskepost i strandkanten. Heldigvis hadde Hilde svømmeføtter, dykkermaske og snorkel med seg - og tøff som ho er, dykka ho etter skatten.

Dagen vart avslutta med pizza og skinkebrød :-)

 

Me kallar desse hytteturane for "teambuilding". Dette er minner og opplevingar som styrkar banda oss alle imellom. Å pusse tenna saman, vandre rundt i pysjen, ligge i soveposen og knise av den som prompar, dele løyndomar med - og vakne opp med sovehår, smale auge og gleda seg til ein ny spennande dag.

 

Takk for turen!