Yr.noYoutube

Sekkane var pakka med mat, drikke, tau, knivar og anna naudsynt utstyr som me trengte denne dagen - me skulle tilbringe dagen med leik og aktivitet ved Fiskarelvo på Litlabø. På vegen måtte me sjølvsagt sjå på dei store gruvene og når ein då skal ta nokre snarvegar, havna me inn på nye og ukjente stiar. Hjelp - kor går vegen no....?

 

Til slutt kom me fran til ein avsidesliggande gard - og her fant me ein fantastisk fin plass for lunsjen vår. Me traff ein mann som fortalte oss at det var langt tilbake til utgangspunktet vårt, derfor sjekka Tove om det var ein snarveg gjennom skogen. Og det vart ein spennande tur med leik, song og "bensinstopp" undervegs. Og fram kom me :-)

 

Imponerande ungar som gjekk over 6 km på stiar, skogsveg og ulendt terreng. Knallkjekk tur!