Yr.noYoutube

Travle dagar for både fuglar og villvetter om dagen. Å kome ned til barnehagen ein tidleg morgone, er å bli møtt med reine fuglekoret. Det er eit yrande fugleliv rundt Thuhuset og me har dei tett på oss. Ørna svevar over tretoppane, småfuglane sloss om brødskorpene me legg på fuglebretta, raudstrupa trippar etter oss heilt inn på do, svarttrosten lokkar etter ein make. Kjøttmeisa og spettmeisa lagar underhaldning på fuglematarane som heng på vindua. 

 

Me har laga eit registreringsskjema der me kryssar av kva fuglar me ser på fuglebretta - spennande.

 

Men den kalde vinteren har gjort at me har måtte lage fleire fuglematarar - alle fuglar skal få nok mat hos oss :-) 

 

Nye fuglekassar er hengt opp og gamle er blitt reingjort. No ventar me bare på ugla som pleier å møte oss ved inngongsdøra om morgonen...