Yr.noYoutube

Mikkelsmesse-oppdraget fortset - gruppene skal kome med bidrag til festen. Kanskje me kunne ta med oss fisk? I alle fall for me ut med "Rasmus" for å prøve fiskelykka. Men som så ofte når me er på tur, vert planane endra undervegs. Me måtte gå i land på ei heilt magisk og spanande øy ute i fjorden. Og etter å ha klatra opp nokre bakkar og kjempa oss gjennom braken, fann me ei uoppdaga perle av ein skog. Her kunne me vore lenge!

 

Men me måtte utforske meir av øya (nokre har vore der før, medan andre var der for første gong) - og så skulle me jo fiske....

 

Kjekt å sjå at Naturvaktene tar jobben sin på alvor - klart me plukkar opp boss som flyt i sjøen og kastar det i eigna bossdunkar.

 

Om me fekk fisk? Njaaa.... - eit napp, men den mista me av kroken!