Yr.noYoutube

Måndag morgon og me sit rundt frukostbordet og samtalar om kva me har gjort i helga. Nokre av ungane er tilbake frå vinterferie og fortel om aking og skigåing. Då vert me andre litt misunnelege og skulle ønska det var oss som fekk oppleve litt snø og vinter. Dermed snur me oss rundt på "5-øringen" (som me ofte gjer...) og pakka sekken med mat, drikke og ekstra vottar og køyrde til Lundastølen.

 

 

Endeleg fekk me aka litt igjen - bare så synd at tida gjekk så altfor fort ;-)

(Men kanskje det kjem ein dag eller to til - sjølv om me no er komen til mars og krokusen blømer kring Thuhuset)