Yr.noYoutube

Ein smak av julestemning

Endeleg fekk me alle sjå bidraget vårt til Pepperkakebyen. Eit imponerande skue å kome inn i lokalet - mange flotte byggverk. Anbefaler alle å ta ein tur innom før jul (Hakkebakkeskogen er vårt bidrag).

 

På Heiane tok me turen innom Hageland og det var som å komme inn i eit vintereventyr. Her kunne me gått rundt og studert alle krikar og krokar i mange timar. Og det vart tatt mange "julekort-bilder" :-D

 

 

(Masse skryt til villvettene - som er superkjekke å ha med seg "ute blandt folk"...)