Yr.noYoutube

Det er ikkje mange plassar me IKKJE har vore her på Stord. Me trudde me hadde oppdaga alle spanande strender, men jammen fann me ei ny i dag.

Ei perle av ein plass :-)

 

Dessverre var det mykje boss som har kome inn i stranda frå havet - enorme mengder med plast. Men som dei gode Naturvaktene me er, så hadde me ei ryddeøkt for å samle saman det som låg i strandkanten. Me må nok ha nokre fleire ryddeøkte - for det var så mykje :-( 

 

Bursdagsbarnet hadde valgt lunsjmenyen i dag - Taco! Det var ein herremåltid i solskinnet. Me veit å kosa oss...