Yr.noYoutube

Fredag og "Ut på tur".

 

Akkurat no er me veldig opptatt av Pannekakemusene som bur i "Seminarhagen 1" (inngong under ei trerot) - me ynskjer veldig at dei skal lage pannekakemuspannekaker (phu...) til oss og me har lova dei noko tilbake. Blåbærsyltetøyet har me ete opp, men kanskje me kan finne andre bær eller nøtter til dei...?

 

Inn i bussen og ut på tur - gjennom sentrum - skal me stoppe her? Nei.

Over bru - stoppe her? Nei. Gjennom ein tunell - stoppe her? Ja - på Tittelsnes stoppar me. Planen var å gå turløypa til Røysanes, men stemninga var størst for å besøka festninga. Ein spanande plass, mange "huler", fengsel. nedsenka gongvegar, tunellar og utkikkspostar.

 

Og så var det masse bjørnebær. No skal pannekakemusene få nykokt bjørnebærsyltetøy til pannekakene sine :-)