Yr.noYoutube

Besøket frå Japan hadde eit ønske om å få oppleve ein dag ute med oss - der dei bl.a. ville sjå og oppleve korleis me nyttar eld, barns medverknad, tryggleiken ute og så ville dei svært gjerne ete lunsj med oss. 

 

I fleire dagar på førehand forbereia me besøket - særleg lunsjen. Me hausta alt me fant i kjøkkenhagen av grønsaker - og så var me så heldige å få lov å plukke poteter hos Statsbygg. 

 

Gjestene fekk oppleve ekte vestlandsver og dei var mektig imponert over korleis ungane takla regnet - ingen klager, bare glade og aktive Villvetter som leika i elva, klatra i trea, laga butikk i buskane.

 

Aldri har me vel vore nærare ei popstjernestatus - kor og kva me gjorde, så var me omringa av japanarar med fotoapparat og høge "fnis". 2/3-åringar som brukte kniv, bollar som vart steikt i 7-steinsomnen og særeleg dei som leika butikk. Det var mange "blø" japanarane ville handle i butikken :-D

 

Ti liter grønnsaksuppe forsvann som dugg for sola - ikkje ein gulrotbit var att.