Yr.noYoutube

For ein vinter me har hatt - mange snørike og kalde dagar. 13.desember var første dag me hadde ski på beina og me har nytta kvar snørike dag til skileik - enten i skulehagen eller i lysløypa.

 

Lærings- og meistringskurva har vore bratt for nokre, medan andre har skierfaring frå før. Dei beste opplevingane har vore når eit barn har knekt "skikoden" - når du ser gleda og iveren lyser. Fiskebein opp bakken, hockey ned bakken, klare å reise seg etter eit fall, skileik, hopp, langrenn, OL, Bjørgen og Klæbo - takk for mange fine og gode opplevingar denne vinteren.