Yr.noYoutube

MIKKELSMESSE

 

I folkeleg tradisjon har Mikkelsmess vore ein viktig innhaustingsfest og derfor ein av dei store merkedagane i året. 

 

Dagen markerte slutten på innhaustinga og byrjinga på jaktsesongen. Slik vêret var denne dagen, skulle det òg bli neste sommar.


Dette er også ein viktig og kjekk tradisjon i Villvettene. Me lever ute heile året - i naturen og dens mangfald. Det er viktig å nytte alt naturen har å tilby.

 

Me forbereiar Mikkelsmesse i lang tid på førehand - alle jobbar med med bidrag til festen, både mat og underhaldning.