Yr.noYoutube

Dei siste dagane har me hatt litt av ein jobb med å rive hytta på Rom.leirplassen. Den stått i mange år, blitt stadig utbygd og leika i mange, mange timar. Men no må den rivast - den byrja å bli gammal, råtten og full av spikrar. Tryggleik først!

Heldigvis går jobben unna i ein fei når me alle samarbeidar om jobben.

 

Til lunsj hadde me nysteikte omnsbrød - også her måtte me samarbeide.

Alle fekk ein deig som dei måtte halde varm på magen (slik at den skulle heva seg). Mykje latter på veg til leirplassen. Me syntes alle sin mage vart større og større - var visst mange babyar på veg....